English

Vorakinna frå Fiskåbrauta – rute 23

Vanylven

Kort om turen

Fin familietur i jamt over lettgått terreng til Vorakinna som er eit relativt frittliggande fjell med god utsikt mot fleire av bygdene i Vanylven. Best utsikt mot Eidså og Syvde får ein om ein går fram på kanten av fjellet mot Eidså. 

Ruteskildring

Sjølv om ein kan gå heilt frå Fiskå, vil truleg dei fleste køyre opp til Fiskåbrauta og gå derifrå. Frå Fiskåbrauta (395 moh) er det nesten heilt flatt, og litt vått terreng til ein kjem inn til Borgnyhaugen. Derifrå går ein lett nedoverbakke og kryssar elva frå Vorakinndalen like ovanfor der elva har gravd ut eit elvegjøl nedover mot hovuddalen. Etter eit kort stykke til med myr, går ein etter kvart på rygg oppover mot Vorakinna. På slutten har ein 2 alternative ruter opp mot toppen, og det kan vere greitt å prøve den eine på oppturen og den andre på nedturen. Truleg er den ruta som går rett fram i stikrysset den lettaste å gå. Det er skilta ved startpunktet på Fiskåbrauta, og heile turen er merka med blå merke eller blå merkepinnar.

Tilkomst og parkering

Frå gamleskulen på Rusta er det god grusveg på vel 2 km opp til innegjerda parkeringsplass på Fiskåbrauta 395 moh. Denne vegen er bomveg. Startpunktet på vegen opp til Fiskåbrauta er tydeleg avmerka på oversiktsbiletet frå turen.
Fottur
Blå
Lengde
3,45 km en vei
Stigning
255 m
Tidsbruk
2 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
642 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut