English

Volda rundt - storrunda

Volda

Kort om turen

På denne turen tek du heile fjellrunda rundt Volda sentrum, frå Rotsethornet til Ring/Niven/Klepp. Ein fantastisk, men lang og dermed krevande tur. Her får du alt: enkelt terreng, klyving, god sti, dårlig sti, bratte bakkar, flate sletter, og heile vegen har du flott utsikt. Turen endar øvst i Kleppevegen

Ruteskildring

Turen startar på parkeringsplassen like før tunnelopninga ved Rotsethorntunnelen. Følg skilting til Rotsethornet. Det er bratt frå Kalsethola og opp til toppen; nokre parti med klyving der det er laga trinn og lagt ut kjetting. Frå Rotsethornet følg stien vidare bakover, ta av mot Homborsetsætra ved stidelet Høgedalen/Homborsetsætra (N62° 07.213' E6° 06.993'). Frå Homborsetsætra går stien mellom sela. Følg merka rute til Hornet og til Vadsteinsætra. Vidare er det dårleg med sti. Følg ryggen til høgre vidare opp til Koppefjellet. Tydeleg sti siste 150 høgdemetrane. Koppefjellet er høgste punkt på turen (940 moh). Frå Koppefjellet går du vidare til Vatnenipa. Her kjem kanskje den vanskelegaste delen av ruta. Det er bratt ned Vatnenipa, men gi deg tid og sjå etter trakk så går det greitt å kome seg ned. Følg ryggen på god sti vidare. Frå første varden du kjem til og bort til bakken før Hestehornet, er det dårleg sti, så her må du berre sikte deg inn. God sti siste bakken opp til Hestehornet. Følg sti den bratte ruta/ryggen ned frå Hestehornet  Når du kjem ned på vegen, ta til høgre, følg denne til du har hogstfeltet på høgre hand. Ta av til venstre ned i opninga i skogen (N62° 08.570' E6° 11.730'). Hald vestover til du kjem inn på stien (N62° 08.708' E6° 11.355'). Du skal passere under ei høgspentlinje. Følg stien til du kjem til parkeringsplassen ved Krøvelseidet/Vikebygdvegen (FV45). Her kan det vere lurt å ha eit depot med klesskift og mat. No skal du opp til Melshornet. Kryss FV45. Du skal følgje vinterruta (opninga rett oppover mot «Raudehytta» og vidare på sti) til høgda før siste sida opp til Melshornet. Her er stort sett grei sti, bortsett frå siste stykket. Når du kjem opp på høgda skal du sjå etter sti ute på høgre side. Det er god sti ytst på ryggen heilt opp til Melshornet (denne kjem opp frå Melssætra). Frå Melshornet følger du sti ned til Dinglavatnet, vidare ut til Vardehornet og til Niven/Ring og Klepp. 

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum, følg E39 i retning mot Stryn. Turen startar på parkeringsplassen like før opninga til Rostethorntunnelen Parkeringsplass der turen startar, ved tunnelopninga
Fottur
Svart
Lengde
27,49 km rundtur
Stigning
2106 m
Tidsbruk
12 t. 10 m
Sesong
Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Val for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 28

Offentleg transport

Turen startar nær høgskulen/Volda stadion. Buss: frammr.no

Anna

Lite tilgang til drikke første halvdel av turen. Du finn drikke først like før Koppefjellet. Skal du gå den heilt ekte "storrunda", må du også ta med Heidane rett bak Homborsetsætra, og Sandfjellet og Grøthornet etter Krøvelseidet. Svak sti til Sandhornet, men god sti Sandhornet-Grøthornet-Melshornet

Kart

Sunnmørsalpane. Nærturkart Volda
Køyreskildring
Print ut