English

Vinsåshornet

Stranda

Kort om turen

OBS! Sein opning pga. snø, ca. 1. juni. Utsikta frå Vinsåshornet er luftig og storslått. Går ein vidare austover ryggen frå toppen og ned att i Grinddalen, kan ein sjå både bogestillingar, ei dyregrav og eit hærbøre på vegen, kulturminner som kan vere 5-6000 år gamle. Denne ruta er også merka med V'ar.Ein passerer også Holebakkgardane, Litlesætra og Grinddalssætra som alle er blitt tekne av snøras.

Ruteskildring

Turen startar ved Hole Hytteutleige ved Vesteråsvegen. Etter vel 100 m tek ein til høgre og fylgjer skogsveg i ca 500 m. Her kan ein enten gå om Holebakk, to gardar som vart tekne av snøras i 1907 og 10 personar omkom, berre ei løe står att, eller fylgle skogsvegen til endes.

200 m etter at skogsvegen tek slutt, passerer ein Litlesætra som også vart teke av fonna i 1907. Ovanfor sætra ligg Briklabakkane som er ca 300 m lange. Når dei tek slutt, flatar råsa ut mest heilt fram til Grinddalssætra, 820 moh. Vidare går råsa no i lett terreng fram til brua over elva. Etter ca 400 m deler råsa seg*. Den svarte ruta går til høgre og snart startar motbakkane til topps. Etter kvart kjem ein opp på ryggen. Då må ein berre fylgje V'ane og det blir lett klivring her og der. Boka ligg ved varde nr to, 1343 moh. Dersom ein no ikkje vil gå ned att same vegen, fylgjer ein ryggen austover til V'ane markerer ned til venstre. Følg så V'ane og beskrivelse merka * motsett veg ned att i Grinddalen. Gå vidare rett fram om du vil sjå bogestillingar.

Vil ein unngå den litt luftige ryggen, tek ein her til venstre (raud rute). Etter ca ein km i lett terreng, stig no råsa gradvis oppover og ein passerer først eit herbøre, GPS 32 - 409471 - 6885011. Dette var ein naturleg overnattingsplass som truleg vart brukt i samband med dyregrava som ligg litt lenger oppe, GPS 409517 - 6884634. Den ligg i ei ur der råsa startar å gå rett opp. Her hadde reinen ei trekkrute i gamle dagar.  Når ein kjem opp på ryggen, tek ein til høgre for å nå toppen. **Går ein ca 500 m til venstre og fylgjer V'ane, kjem ein fram på fleire bogestillingar, GPS 409500 - 6884109. Dette er delar av eit fangtsanlegg der jegarane låg bak oppmura steinar og venta med spyda sine til reinsflokken kom mot dei.

Hugs at estimert tidsbruk kan variere. 

Tilkomst og parkering

Hole Hytteutleige. Ved fv. 63. Evt. ved Hotel Utsikten.
Fottur
Svart
Lengde
6 km en vei
Stigning
1065 m
Tidsbruk
5 t. 40 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1332 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4

Kart

Tafjordfjella 2533, Turkart Stranda Kommune
Køyreskildring
Print ut