English

Vikehornet-rute 53C

Vanylven

Kort om turen

Vikehornet tronar innst i botnen av Syvdsfjorden, og med sine 709 m.o.h. er det eit flott utsiktspunkt over Syvde. Utsikta frå fjellet er spesiell, du får ein veldig «nærhetsfølelse» til bygda. Turen utover mot toppen går i lett familievenleg terreng, når du har forsert det brattaste partiet i Tåbrotet

Ruteskildring

Startpunkt er frå parkeringsplassen på Røfsdalsætra, følg vegvisar til Vikehornet 5 km. Det er same råsa (stien) som går til Blæjevatnet og den startar ovanfor hyttene, merka med blåmalte steinar og stikker. Kryssing av ei lita elv som kan vere stor etter kraftig regn. Råsa får god stigning etterkvart og du kjem raskt opp i høgde. Ved Tåbrothytta er det passeleg å puste ut, den brattaste kneika er over.

Like etter Tåbrothytta står det skilt mot Vikehornet. Ruta kryssar på bru over Helgåa og held deretter fram langs nedsida av ei avrenningsgrøft som er laga i samband med bygging av elvekraftverk. På enden av avrenningsgrøfta går ruta opp ein bakke og deretter slakt utover mot Vikehornet. Råsa går i fin høgde med torrt underlag og er merka med blåmalte steinar og stikker utover mot Vikehornet.

Tilkomst og parkering

Frå Syvde sentrum køyrer du imot Saurdal. Ved Smedbøen svingar fylkesvegen mot høgre men du fortsett på grusvegen rett fram, mellom nokre bolighus. Når du har køyrt forbi husa er det reist ein stor stein på høgre side med ei kasse for vegavgift. Bompengar til Myklebust sameige. Røfsdalen er eit fint utgangspunkt for korte og lengre fjellturar, og det er tilrettelagt for parkering på Røfsdalsætra. .
Fottur
Blå
Lengde
4 km en vei
Stigning
502 m
Tidsbruk
3 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
687 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 9

Kart

Turkart for Vanylven
Køyreskildring
Print ut