English

Vikehornet

Vanylven

Kort om turen

Vikehornet ligg over Syvde sentrum med utsikt utover Syvdsfjorden. Du ser også det meste av fjella i Vanylven. Turen til Vikehornet frå Nordalen er ein lang tur, men går i lett og fint terreng.

Ruteskildring

Turen til Vikehornet startar fremst i Nordalen. Følg fjellvegen ca 3,3 km framover mot Kvanndalsvatnet, ca 500m før vatnet tek du til høgre opp sida mot Skoravatnet. Når du kjem opp til Skoravatnet kan du gå enten på sørsida eller på nordsida av vatnet og vidare over kanten til Sandfjelldalen på lavaste punktet. Derfra går du ned i Sandfjelldalen kor du tek til høgre og går nordover dalen og siktar på lavaste punktet mellom Sandfjellegga og Nyklen. Når du kjem opp hit ser du rett bort på Vikehornet. Her er du på høgste punktet på turen. Herifrå går du mot nordvest beint på toppen. Du må ca 200 hm ned på flata før Vikehornet og ca 100 hm opp til toppen. Etter kvart som det vårast går det å køyre lenger og lenger opp fjellvegen, og skituren vert tilsvarande kortare.

Tilkomst og parkering

Køyr fv 652 til Syvde, ta av til Nordal på nordaustsida av Syvde sentrum, køyr så langt fram i Nordalen som det går. Parkeringsplass fremst i Nordalen, eventuellt parkeringsplassar ved fjellvegen.
Skitur
Svart fjellski
Lengde
18,01 km tur/retur
Stigning
1072 m
Tidsbruk
5 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
804 moh

Løype på kart

Kart

På tur i Vanylven, 1119 II, Sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut