English

Vaulsnipa frå Vaulen, rute 59/61

Vanylven

Kort om turen

Ein forholdsvis lettgått tur. Turen blir ofte kombinert med lengre turar, enten via Kyrnosa til Vaulsnipa og ned til Vaulen eller vidare frå Vaulsnipa til Nyken og Tusshornet. Ved foten av Vaulsnipa ligg 2 gode fiskevatn, Nipevatnet og Krokevatnet. I austenden av Krokevatnet er det bålplass med sitteplassar av stein. For å kome ned til disse vatna går ein enten ruta mot Kyrnosa ned til Nipevatnet eller ein tar av der ruta går mot Nyken (skilta) og går vestover igjen mot Krokevatnet. Også Vaulvatnet og Bekslevatnet er gode fiskevatn. Disse ligg nedanfor parkeringa ved rutestart langs Fv 61.

Ruteskildring

Ruta startar frå Vaulen, som ligg ved Fv 61 mellom Åheim og Bryggja/Maurstad. Ved parkeringa er det skilt som viser retninga. Det er godt synlig sti og ruta er merka og går frå parkeringa i sørvestlig retning mot Vaulsnipa.

Tilkomst og parkering

Frå krysset på Åheim, køyrer ein over brua mot Måløy på Fv 61. Parkeringa og rutestart ligg på Maurstadeidet, 4,9 km frå krysset på Åheim. Gratis og god parkering ved rutestart.
Fottur
Grønn
Lengde
2,6 km tur/retur
Stigning
290 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,6

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut