English

Vatthornet og Klovevatnet ( Kloven )

Sande

Kort om turen

Spesiell tur på ski heilt ut mot havgapet med Svinøya i nordvest. Frå toppen ( Kloven ) ser ein både Storetua, Sollia, Nystøylhornet, Stadt og delar av Sunnmørsalpane. Kan kombinerast med tur vidare til Storetua, med slutt i Gursken ( sjå tur Storetua ). Med retur til Gjerdsvika, vil turen verte ca. 12 km. Både Gjerdsvika IL og Gursken IL har "post" på Storetua.

Rutebeskrivelse

Følg bilvei mot Sædalen. Når ein kjem forbi Skotet og opp på første strekk med flat vei, ta til høgre før brua og gå mot søraust ( Rindane ). Hold vest for denne fjell-knausen. Følg merkepinnane til toppen av Vatthornet 335 moh. her har Fjelltrimmen ved Gjerdsvika IL ein av postane sine. Frå Vatthornet går turen vidare sørover og innover fjella til Klovevatnet 505 moh. Her er litt variert terreng, men fint å gå om ein nyttar fella.

Adkomst og parkering

Start ved Fredtun (forsamlingshus i Gjerdsvika) og følg veien opp mot Sædalen ( mulig ein må bere skia i starten ) Det er grusvei ca. 1,7 km. før ein svingar av vegen mot Vatthornet og Klovevatnet. Gratis parkering ved forsamlingshuset Fredtun i Gjerdsvika, ca. 200m nord for Coop Marked.
Skitur
Rød
Lengde
8 km tur/retur
Tidsbruk
1 t. 20 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Kart

norgeskart.no
Kjørebeskrivelse
Print ut