English

Vassnakken

Ulstein

Kort om turen

Turen passar for dei fleste, og går i flott natur. Første del av turen går på grusveg, og siste del går på sti i ulendt terreng. På Høgda, der ein tek av frå grusvegen er de eit rastebord om ein ynskjer kvilepause eller ein matbit. 

Ruteskildring

Turen startar frå parkeringsplassen rett aust for innkøyringa til Eiksundtunnellen på Eika. Herifrå følger du grusvegen i søraustleg retning, til du kjem til eit vegkryss. Her tek du til høgre, og følger grusa veg i noko kupert terreng rundt sjølve vassnakken, til Høgda. Her finn du rastebord, og tek vidare av til venstre opp mot Vassnakken på sti.

Tilkomst og parkering

Frå Volda/Ørsta, ta Eiksundsambandet gjennom Eiksundtunellen, og sving til høgre før Eiksundbrua. Frå Ulstein/Hareid/Fosnavåg, køyr mot Volda/Ørsta, og ta til venstre rett før Eiksundtunellen. Parkering rett etter avkjøring. Gode parkeringsmuligheter ved start, rett etter avkjørsel frå hovudveg.
Fottur
Grønn
Lengde
1,82 km en vei
Stigning
115 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer
Høyeste punkt
127 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,5
Sti 0,3

Offentleg transport

Anna

Det er mykje flått i området, så ver obs på dette når du tek av frå grusveg til sti, særleg i sommarhalvåret frå april til oktober.
Køyreskildring
Print ut