Ein enkel og kort tur med berre svak stigning, men fenomenal utsikt. Bak deg har du utsikt til Eresfjord og majestetiske Skjorta. Sørover ser du innover Håndedalen mot Melkallen. Og estover mot Kalvgjeldtind og Kjøvhaugen.Nordvestover frå Vargehaugen ser du Vistdalen.Frå Eresfjordsida er denne staden kalla Vargehaugen. Mens frå Vistdalssida Kvithammaren. Dette namnet fordi det er ein overhengande stor og lys berghammar som dominerer frå denne sida.
Vargehaugen / Kvithammaren , Vistdalsheia – 642 moh. Etter parkering ved bekken Sulgrova, starter stien til venstre for bekken og går først gjennom ung granskog. Etter kort tid er du over i åpent terreng.Følg blåe merkepålar og ryggformasjonar med lyng og fast fjell svakt opp til venstre forbi ei einsleg furu. Deretter videre oppover mot ein godt synleg stor rullestein. Når du er forbi denne er du snart på toppen. Her er det berre å nyte utsikta ! Gå også litt lenger framover så vil du kunne sjå nedover Vistdalen.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 1 |