English

Vargehola

Molde

Kort om turen

Eresfjord. Ein naturskjønn og enkel tur opp til ei fjellgrotte heilt ved foten av fjellveggen under Goksøyra.Ta med hodelykt og kryp inn gjennom det forholdvis trange holet og du kjem inn i ei store hule. Må oppleves ! Turen til Vargehola let seg enkelt kombinere om du er på sykkeltur i Eresfjord. Fin avveksling. Og du kan sykle traktorvegen heilt bort til utgarden mot utmarka. Derifrå og opp til Vargehola er det ikkje lenger enn at det går greitt å bruke sykkelsko.

Ruteskildring

Etter å ha lagt dyrkamarka bak deg, stiger terrenget opp utmarksbeitet. Idyllisik utsikt over Øverås/Åse. Skogen lenger oppe er gamal trolsk urskog. Stien slynger seg mellom mosegrodde steinar, gamle tre og oppunder kjempestore steinar. Før du aner det er du oppunder Vargehola.

Tilkomst og parkering

Parker ved den gamle ferjekaia på Øverås/Åse. Følg deretter fylkesvegen oppover (rett nord) ca 300 meter. Her tar du av til høgre og inn på traktorveg langs dyrkamarka. Denne følgjer du heilt fram til utgarden. Her tar du rett til venstre og slakt oppover mot kjempesteinane i utmarka. Følg dette utmarksbeitet heilt oppunder skogkanten og passer mellom to store steinar. No er du inne på stien som først svinger svakt til venstre og oppover. Følg stien og raude merkjer.
Fottur
Blå
Lengde
2,6 km tur/retur
Stigning
130 m
Tidsbruk
1 t. 0 min.

Løype på kart

Val for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 0,3

Anna

Blå tur pga siste stigningen opp til hola

Kart

M711, 1320 II Eresfjord
Køyreskildring
Print ut