English

Varden i Stordal

Fjord

Kort om turen

Varden er toppen over Stordal med utsikt til dalen framover og ut gjennom Storfjorden. 

Ruteskildring

Råsa er bratt opp til Hovsnakken. Det er fleire moglege ruter opp, den som beskrivast her er kanskje den som er brattast, men også den som først blir snøfri. Sjølv om turmålet blir opna i samband med Stikk UT!, er det dermed ikkje sikkert at andre ruter opp er å anbefale, då snøen ligg lengre der. Mykje granskog på første del av turen. Litt lauvskog lenger oppe. Råsa er lett å følge opp til Hovsnakken. Derifrå går ein mot nordvest gjennom myr. Det er litt vanskeleg å følge råsa her, men det skal gå fint berre ein fyl merkinga. Etter det myrlendte området, svingar ein opp til høgre og går etter ein rygg. Ein ser etterkvart vardane på toppen.

Tilkomst og parkering

Parker i sentrum eller ved Stordal Auto (bensinstasjonen), då det ikkje er offentleg parkering oppe i Hovslia. Frå Stordal Auto går du ca 1 km oppover i Hovslia bustadfelt. Fyl vegen slakt oppover ca 400 meter før du tek ein krapp sving til venstre. Ca 400 meter lengre oppe tar ein til høgre i vegkrysset. I enden av vegen tek ein oppover forbi det siste huset (nedover går ein gangveg). Råsa starter rett over snuplassen.

Fottur
Rød
Lengde
4 km en vei
Stigning
842 m
Tidsbruk
4 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
841 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ukjent

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1
Sti 3

Offentleg transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå http://www.frammr.no

Anna

Fleire moglege ruter ned frå toppen Ei er å gå mot nord - nordvest mot Vikahornet og til Vikastølen på Dyrkorn. Det er då lurt å ordne med biltransport. Ei anna fin rute, er mot Midtbustsætra i aust. Ein går då ganske bratt ned frå Varden, bortover Midtbusteggja, som er eit flatare parti og til Midtbustætra. Vidare ned råsa til Midtbust og nede i Stordal.

Kart

Turkart Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut