Vardefjellet er ein forholdsvis lett topptur som gir godt utsyn til bygdene og fjella kring Norddalsfjorden og til delar av Stranda kommune. Vardefjellet har fått namnet sitt fordi dette i vikingtida var ein vete eller varde der dei tende bål for å varsle om ufred og åtak frå fiendar. Fin som kveldstur med utsikt til solnedgang over Sunnmørsalpane i vest, eller som søndagstur med familien.
Turen startar frå Klovset (549 moh), sæter for Linge og Lingås. Her er det god parkeringsplass og informasjonstavle med flyfoto der det er teikna inn ulike turruter i området.
Følg traktorveg første 100 meter frå parkeringsplassen, så skilting på rås (sti) som tek av til høgre. Det går bratt oppover i starten. Eit stykke oppi lia deler råsa seg mot Vardefjellet og Hogsetdalen. Det er skilta med ein skiltstolpe. Ver merksam på fleire råser ved stidele, det er snarvegar.
Råsa mot Vardefjellet går vidare oppover og vestover i ope og lett fjellterreng med godt utsyn over fjord og fjell. Eit lite stykke før toppen passerer du det idylliske Vardevatnet 850 moh. Her er det mogleg å bade. Det ligg også ei privat hytte ved vatnet, Vardebu.
Frå Vardevatnet er det ca 10 min gange til utsiktspunktet på Vardefjellet. Førg stien i vasskanten mot sør, ved utløpet av vatnet, og vidare utover og litt oppover.
Turen er merka med raude v-ar (v for verdsarv), stolpar med raud topp i terrenget, og skilt der råsa deler seg. Rekne om lag ein time opp med jamn gange.
Trimpost for Valldal IL.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 2,1 |