English

Vallahornet

Ørsta

Kort om turen

Vallahornet ligg rett over Ørsta sentrum med god utsikt over Ørsta og Hovdebygda. Du ser også rett på Nivane i vest, Saudehornet og Kyrkjetinden i nord, Sandhornet i aust og Melshornet i sør. Vallahornet ligg som ein fortopp til Saudehornet så turen kan gjerne kombinerast med ein tur dit, då vert det ein fin rundtur.

Rutebeskrivelse

Gå Skålavegen til 3. vasshus, råsa går bakom vasshuset og går mot nord og kryssar elva, går vidare mot nordaust etter ryggen, når du byrjar å nærme deg ryggen som går mellom Vallahornet og Saudehornet tek råsa av mot søraust og går rett opp på toppen.

Adkomst og parkering

Frå rundkøyringa på E39 i Ørsta sentrum køyrer du Ivar Aasengata (E39) ca 450m og tek til høgre opp Garvargata ca 250m og tek til høgre Håkonsgata ca 50m og tek til venstre opp Vikegeila og køyrer den til vegs ende (ca 700m) og parkerer ved Vikegeila Vassbehandlingsanlegg. Parkeringsplass ved vassverkshuset
Fottur
Rød
Lengde
2,6 km en vei
Stigning
700 m
Tidsbruk
3 t. 5 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 3,2

Offentlig transport

frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1119 II, sunnmorskart.no
Kjørebeskrivelse
Print ut