Lett fottur i flott natur med fleire fine utsiktspunkt undervegs og på toppen. Varden på fjellet Signalen på Valderøya. Høgste punktet på Valderøya, 231 meter over havet. På toppen finn du også ein oppmura varde med ei sikteskive som fortel deg kva du ser i dei forskjellige retningane.
Frå parkeringsplassen ved Kolvikparken går du rett inn i skogen og følgjer stien oppover. Den første høgda du kjem til er Lille Måsetua der du møter fleire stiar frå Skjong. Alt her er det flott utsikt mot Skjongholmen, Giske og Godøya.
Så er det ei lita nedstigning som kan vere vanskeleg for dei minste, før stien fortset mot toppen på høgre sida av Måsetua mot der du ser mobilmasta står. Ein alternativ sti går på venstre sida av Måsetua og opp på kanten mot Skjong/Ytterland. Her er det brattare og litt meir klyving. Hovudstien har ei lett stigning oppover før ein kjem til eit bratt parti med litt klyving der dei minste må få litt hjelp. Rett før dette kjem også stien frå Grødalen i austre Skaret inn på hovudstien.
På vegen opp er det flott utsikt mot Gamlemsveten og skipsleia nordover mot Lepsøyrevet. Stien flater så litt ut før den siste stigninga mot toppen. I starten av denne stigninga står Kvilesteinen midt i stien. Dette er ein populær stein å kvile og raste på for dei minste. Frå denne steinen er det berre nokre få minutt opp til toppen.
På det høgste punktet Signalen på 231 moh. står det ein steinvarde. Herifrå er det fantastisk utsikt i alle retningar. Du ser mot storhavet i vest med Erkna og Storholmen fyr, vidare ser du heile runden med Vigra, Nordøyane, Gamlemsveten, Sunnmørsalpane, Ellingsøya, Ålesund, Hareidlandet, Godøya og Giske.
Turen tek 20-30 minutt opp. Med små barn må ein rekne 45 minutt.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 1,19 |