Dette er ruta som er vanleg opp til sætra av folket på Vadstein. Det er jamn og bratt stigning med ein litt utydeleg sti, særleg i starten. "Betalinga" er ein variert tur med flott utsikt mot Austefjorden, og ein tur i nokså uberørt natur.
Start ved skilt Vadsteinsætra og følg gjerdet oppover. Ved enden av gjerdet skråar du oppover mot første høgda. Stien er litt utydeleg, men det går greit å finne ein veg opp. Følg merking. Oppe på høgda går stien vidare mellom to store steinblokker. Herifrå er stien tydelegare. Gå oppover på venstre sida av elva. I omlag 300 m høgde kryssar du elva. Her er det ei lita steinbru. Stien vidare oppover er grei å finne. Du skal krysse elva ein gong til, og når du nærmar deg sætra er det meir myrlendt terreng, noko som gjer at stien kan vere litt utydeleg enkelte stadar. Første myra skal du skråe over. Vidare ser du stien greit og om du skulle misse den, er det likevel greit å finne vegen til sætra. Stien går på ein rygg på nordsida av vatnet som ligg like nedanfor sætra. (Dersom du kjem til eit skilt til Åseskaret må du IKKJE følge denne skiltinga! Stien er attgrodd og terrenget er bratt!)
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 3,4 |