Ein lett tur, for det meste i tørt terreng. Egner seg godt som joggetur, og den kan også gjennomførast med sykkel. Om vinteren kan det vere fint å gå på ski her i dei periodane kor snøen ligg. På toppen av løypa er det turbok og rastebenkar. Derifrå kan du sjå utover havet. Du ser Magerøya, og Harøya lenger ute, flott utsikt.
Det er traktorveg heile vegen som for det aller meste er tørr og fin å gå på. Rett etter parkeringsplassen er det to vegar å gå. Uansett kva veg du vel so kjem du opp til ei elv med bru over. Der er det rasteplass og turbok kor du kan skrive deg inn. Du kan også fortsette videre oppover mot Mørkevatnet, men der er det litt tyngre terreng.