English

Urfjellet

Ålesund

Kort om turen

Urfjellet (838) er det 6. høgaste fjellet i Haram, og den sørlegaste av toppane som ligg på fjellmassivet aust for Brattvåg. Her er det ei formidabel utsikt i alle himmelretningar. Mot nord ser ein havet og Nordøyane, i søraust tronar dei mektige Sunnmørsalpane, og mot vest har ein godt utsyn mot Grytafjorden, Ellingsøya, Ålesund og øyane i Giske kommune. Ved varde på toppen

Rutebeskrivelse

Frå parkeringsplassen skal ein følge vegen som går parallelt med elva mot nord (på høgresida når ein kjem køyrande mot Slyngstad). Etter om lag 400 meter, rett etter ei ferist, kjem ein til infotavla om fiskekortsal. Ta då t.v. ved skilting til Remmefjellet og Urfjellet. Ein kjem snart til eit par hytter der ein tek t.v. på litt våt rås gjennom tett granskog. Når ein kjem ut av skogen møter ein på den gamle kyrkjevegen mellom Slyngstad og Remme. Ta så t.h. opp den tørre og fine skogsvegen som går i jamn stigning opp mot Remmefjellet. Følg vegen i slakt terreng over Remmefjellet eit godt stykke til ein kjem til skilta som viser der ein skal ta av t.h. mot Urfjellet. Her er det tydeleg rås som er godt trakka og merka heilt opp til varden på toppen. Råsa er nokså våt opp den bratte stigninga mot Remmeheia. Når ein kjem så høgt opp at ein ser Brattvåg og Nordøyane blir råsa tørrare og stigninga slakkar av. Oppe på Remmeheia er det eit fint og flatt parti fram til ny stigning, som går vekselvis gjennom ur og vegetasjon. Her kjem ein til eit lite flatt parti igjen før den siste stigninga til toppen som går opp søraustsida av ura. Topp-platået består av ur, og det er bygd fleire vardar langs ryggen. Turen har fleire kombinasjonsmoglegheiter. Går ein vidare forbi vardane langs ryggen på toppen kjem ein til Bergetindane. Desse tindane er berre ein smal passasje med steile fjellsider rett ned. Skal ein gå vidare hit må ein både vere fjellvant og ikkje ha høgdeskrekk. Vanskelege passasjar medfører noko klyving. Ein bør ikkje gå denne turen når det er vått eller sleipt. Mot nordaust kan ein gå vidare til Storfjellet, Keipen og Hellandshornet. Dette er flotte fjelltoppar i same fjellmassiv, i omtrent same høgde. Det er inga tydeleg eller merka rås, men underlaget er hardt, tørt og fint å gå på.

Adkomst og parkering

Frå E39 skal ein ta av på FV 661 mot Brattvåg og Vatne. Følg FV 661 forbi Engsetdalsvatnet og kommunegrensa til Haram. I krysset på Eidet tek ein av til venstre på FV 659 mot Brattvåg. Etter om lag 3,5 km kjem ein til ei bru over ei elv. Her er det parkeringsplass på begge sider av hovudvegen. Kjem ein frå Ålesund kan ein også køyre RV 658 via undersjøisk tunnel, vidare over Ellingsøya på RV 107 mot Stette i Skodje kommune. Når ein kjem til krysset som viser RV 661 mot Brattvåg tek ein av t.v. Ved skiltet som markerer kommunegrensa til Haram følgjer ein same vegen som skildra over. Parkeringsplass ved hovedveg
Fottur
Rød
Lengde
5,05 km en vei
Stigning
798 m
Tidsbruk
4 t. 35 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,8
Sti 8,8

Offentlig transport

Buss til Slyngstad, sjekk http://www.frammr.no
Kjørebeskrivelse
Print ut