English

Ulvenakken – (rute 43b) – frå Røda i Syvde til Ulvenakken

Vanylven

Kort om turen

Dette er ein flott tur i variert terreng og med varierte opplevingar. Store delar av turen går på den råsa (stien) som vart brukt av dei som kvar dag gjekk opp for å mjølke kyrne om sommaren. Ulvenakken er høgste punktet på enden av ryggen på vestsida av Grytdalen i Syvde, og er med sine vel 560 m.o.h. godt synleg frå store delar av Syvde. 

Rutebeskrivelse

Turen startar i nedre kant av grustaket i Røda. Første delen går på traktorveg, og på enden av traktorvegen går ein ca 50 meter rett opp før ein kjem inn på merka og tydeleg sti. Store delar av turen går ein i lauvskog med bjørk som det dominerande treslaget. Over tregrensa opnar landskapet seg og ein får flott utsikt. Mesteparten av tida går ein på den gamle mjølkarråsa som budeiene på Sætre og Opsal brukte når dei skulle bere mjølka frå fjellet og ned att til garden. Råsa (stien) er velhalden og lett å gå. Mjølkarråsene var vanlegvis kortast mogeleg veg mellom støylen (sætra) og heimegarden. Råsa skulle gåast kvar dag og då var det om å gjere at den ikkje var for lang. Dermed vart desse råsene ofte bratte. Råsa mot Ulvenakken er også tidvis bratt, men slynger seg i fine hårnålsvingar oppetter landskapet. I tillegg er det mange plassar laga trappetrinn i stein slik at det vert lettare å gå. Starten av råsa er skilta, og heile ruta er merka. Det er relativt lite merka der råsa er godt synleg, men godt merka elles. Når ein kjem opp til tregrensa tek ein til høgre ved ein stor stein og går relativt vassrett til ein har passert Tverrelva. Denne elva kan få stor vassføring i våte periodar, og då bør ein gå lenger innover før ein passerer elva. Men til vanleg er elva lett å passere.

Adkomst og parkering

Råsa (stien) startar ved grustaket i Røda. Frå kyrkja i Syvde køyrer du litt over 2 km i retning Volda. Ta av til høgre rett før elva frå Grytdalen og ta deretter av til venstre og køyr over brua i neste kryss. Etter knappe 300 meter ser du skilt mot Ulvenakken. Ein kan enten parkere i dette området, eller oppe ved dei neste turskilta. Etter å ha gått eit kort stykke i retning Grytdalen svigar ein av og går relativt vassrett over Bakkegjerdet, og vestover til støylsråsa opp Nausen.
Fottur
Blå
Lengde
2,04 km en vei
Stigning
507 m
Tidsbruk
2 t. 20 mi
Sesong
Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Grus 1
Sti 3

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven.

Lenke til turbeskrivelse

Meir info og bilete om Ulvenakken frå Syvde IL som også har turpost på toppen.
Kjørebeskrivelse
Print ut