Ulla fyr er eit fyr som ligg på Kvernholmen på Haramsøya, Ålesund kommune. Det er flott å fiske frå berget på Kvernholmen. Det er mykje lyr og til tider makrell, men også all anna fisk. Men ver varsam. Gå ikkje der det er vått, der er det som regel glatt! Å hamne i havet her er ingen spøk. Hugs at det kan kome bårer som er større enn dei andre utan varsel! Bruk flytevest! Vêret kan skifte raskt her ute. Mange kjem hit ut både når det er fint vêr og ikkje så fint vêr. Når det bles og naturen tek litt i, er det ei oppleving å vere på fyret. Det er i dag fire geiter som går og vandrar rundt på holmen. Desse geitene er folkekjære, så dei diltar som regel etter gjestar på holmen.Vår- og sommartida, kan du sjå den mest fantastiske solnedgangen frå Ulla fyr!! Å sitje på fyret og sjå sola gå ned i storhavet, er ubeskriveleg!!
Haramsøya ligg ytst ute mot havet på Sunnmøre. I 2021 vart øya landfast med Nordøyvegen. Følg den nordover til du kjem til Ulla. Før brua som går over til Longva, tek du til venstre på ein grusveg ut til fyret. Frå Ulla går turen på grusveg heile vegen, så den egnar seg for dei fleste. Over til Kvernholmen går det ei bru. Her kan det vere vanskeleg å ferdast ved uver! På Kvernholmsida, er der støypt veg og også fint å gå. Opp til sjølve fyret er der nokre trapper, så her må ein bruke beina.
Parker på Ulla. Ein kan også velje å parkere lengre ute mot fyret, om ein ikkje ønsker å gå så langt. Følg grusvegen heilt ut. Enkel trasè. Turen kan og utførast av rullestolbrukarar. Ein kan parkere ved fjøs på Ullasida, men ikkje sperr for dørene eller tilkomsten ellers til fjøset. Ellers kan ein parkere ved strand lenger ut mot fyret.