English

Uglesætra

Ulstein

Kort om turen

Uglesætra ligg på sørsida av Dimna og er eit eldorado for born. Det gamle sætrehuset er restaurert og området rundt er tillaga som leikeområde for born i alle aldrar. Her er klatretre og mange underlege figurar, området er også tillaga med bord og sitjeplassar. Inne i huset er der fint pynta og Ugleskrinet som er der inneheld små gaver til borna. Der ligg også kart som du kan ta med deg, det viser råsene og alt som er verdt å sjå på fjellet og i skogen på Dimna. Frå Uglesætra går der rås vidare til Ugleskogen med flotte klatretre og Nøkken med familie under ei gamal trerot. Heile dette området er ein stor opplevelse for både store og små.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går du ca 200m vestover på vegen, når du kjem forbi første husa på øvresida av vegen går råsa opp gjennom skogen, råsa er godt merka med skilt med Uglesætra på. Når du kjem eit stykke opp i skogen fylgjer råsa ein gamal kløvveg heilt opp til Uglesætra.

Tilkomst og parkering

Køyr fv 61 sørover frå Ulsteinvik, ta av i vegkryss skilta mot Dimna, fv 26, køyr 1,4 km, ta til venstre i vegkryss skilta mot Ertesvåg, køyr 1,9 km, då er der ein parkeringsplass på venstre sida av vegen, parker her. Parkeringsplass ca 200m frå der råsa startar.
Fottur
Grønn
Lengde
1,4 km tur/retur
Stigning
120 m
Tidsbruk
40 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,4
Sti 1

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 I, Sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut