English

Tynesfjellet - 452 moh.

Sykkylven

Kort om turen

Tynesfjellet er ein lett tilgjengeleg topp like søraust for Sykkylven sentrum, Aure. Frå toppen ser du langt utover øyane, og bak deg er du omkransa av sunnmørsalpar. Turen passar for dei aller fleste sjølv om nokre korte parti er litt bratte. I den fine lauv- og eineskogen går du skjerma for ver og vind.

Rutebeskrivelse

Frå start går du på skogsveg litt over 0,5 km. På eit tre finn du skilt som viser vegen til Tynesfjellet (N62° 22.002' E6° 34.948). Herifrå skal du gå oppover skogen og følge sti vidare til topps. Stien er tydeleg og er merka med raude band nesten heile vegen. Litt bratt nokre plassar, men overkomeleg for dei aller fleste. Litt over halvvegs er det eit fint utsiktspunkt der det kan vere fint å ta ei pause (N62° 22.060' E6° 35.358'). I starten av stien og nokre plassar mot slutten kan det vere nokre våte parti, så det er lurt med sko som tåler litt væte. Frå toppen har du flott utsikt utover mot øyane, samstundes har du Sunnmørsalpane tett inn på. Turboka ligg ved det trigonometriske punktet, 452 m.o.h. Det er fint å gå litt vidare bakover. Då kjem du også bak til det høgste punktet som er 498 m.o.h.

Adkomst og parkering

Følg FV60 frå Sykkylven i retning Stranda. Omlag 2 km søraust for Aure, tek du av mot Sjøbakken camping og tek så først veg mot høgre, Tynesvegen. Følg denne litt fordi ein fabrikk (Ekornes avd. Tynes) på venstre side av vegen. Like etter fabrikken ser du ein skogsveg som går oppover til venstre. Her startar turen og her er det oftast greit å finne parkeringsplass. Du vil sjå eit skilt som viser vegen mot Tynesfjellet. Frå Aure kan du også følge Kyrkjevegen til Tynesvegen og vidare til start. Parkering der turen startar
Fottur
Blå
Lengde
3,1 km tur/retur
Stigning
413 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 2

Offentlig transport

Det er greit å sykle til start.

Kart

Turglede Sykkylven

Lenke til turbeskrivelse

Lillemann og mor i fjellheimen
Kjørebeskrivelse
Print ut