English

Tverrelvdalen

Volda

Kort om turen

Tverrelvdalen (618 moh)ligg ein liten times roleg gange frå Nyesetra (400 moh) som er setra til gardane på Nøre Bjørkedal. 

Ruteskildring

Frå Nyesetra går det rås opp langs Setreelva (Tverrelva). Etter ca 300 m krysse elva og vidare langs elva mot nord. Ved høgde 600 krysse elva og over myra mot Tverrelvdalsvatnet.Til Nyesetra, som er utgongspunktet for turen, går det ein 5,5 km lang bomveg (30kr for personbil). Denne startar på enden av Nørdalsvegen på Nøre Bjørkedal. Frå Nyesetra går det rås opp langs Setreelva (Tverrelva). Gjennom Tverrelvdalen renn Tverrelva, og her ligg eitt lite fiskevatn. Frå dalen kan du gå vidare opp på Deminga. Deminga var laga av gardbrukarane i Nørdalen for å skaffe nok vatn til drift av sager og kverner. Herifrå kan ein gå vidare til fleire toppar i området; Lisjeseterhornet(ca 1000 moh.), Blåhornet(1180 moh.), Tverrelvhornet(1240 moh.) og Matøskja(1332 moh.). Den tida det var setring vart Tverrelvdalen nytta til beite for kyrne. I dag er det sauer og hjort som rår grunnen i dette området. Tverrelvdalsvatnet

Tilkomst og parkering

Nyesetra, Nøre Bjørkedal. Bomveg kr. 30,- Nyestra
Fottur
Blå
Stigning
240 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.
Høyeste punkt
633 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,3

Kart

Sunnmørsalpane

Lenke til turskildring

Tverrelvdalen
Køyreskildring
Print ut