English

Tverrberget

Volda

Kort om turen

Tverrberget ligg i eit turområde som er lett tilgjengelig frå Volda sentrum. Her er flott utsikt og du kan gå vidare til Vardehornet og Melshornet eller til Niven/Ring. Tverrberget er ikkje like godt kjent som dei turmåla som ligg rundt, og ein får ofte gå uforstyrra her. Ta ein stopp på Gildrehammaren, her er det flott utsikt over Volda! Turen går delvis i myrlendt terreng, så det er lurt å ha sko som tåler væte.

Rutebeskrivelse

Start øvst i Kleppevegen og følg skilta grusveg til Kometland. Frå Kometland følger du sti vidare til du kjem til skilt merka Gildrehammaren. Følg denne merkinga. Frå Gildrehammaren går du på tydeleg sti vidare bakover. Følg denne til du kjem opp på ein lite rygg der stien svingar mot høgre/nordaust. Så kjem du opp til ei lita myr som du skal krysse før stien går vidare mot Tverrberget. Stien er merka og godt synleg. Undervegs passerer du eit skilt merka Sætra. Her skal du følge stien vidare rett fram og ikkje ta av mot Sætra. Følg stien heilt til du kjem opp til varden på Tverrberget. På returen kan du gå ned ei anna rute: Når du har gått ned Tverrberget-ryggen, følger du stien rett fram. Det heng eit raudmerke her, men det kan vere litt vanskelig å få auge på. Her går det ein fin, merka sti ned til stien som går opp til Ring/Niven. Stiane møtast ved elva som går langs stien til Ring/Niven.

Adkomst og parkering

Start er øvst i Kleppevegen på vegen som går til Kometland. Frå sentrum køyrer du opp Storgata, Ottamarka og Engesetvegen. Ved eit stort kvitt bygg ("Maurtua") tek du til venstre og følger Kleppevegen til endes. Her er greit å finne parkering. Parkering øvst i Kleppevegen
Fottur
Blå
Lengde
3,5 km tur/retur
Stigning
309 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 3

Offentlig transport

Det er mogleg å gå frå Volda sentrum (busshaldeplassen) for dei fleste.

Kart

Nærturkart Volda
Kjørebeskrivelse
Print ut