English

Tussabygg - Hornseten

Herøy

Kort om turen

Start tur til Hornseten. Start turen ved Tussabygget ovanfor Bergslia byggefelt. Følg turvegen opp dalen til vegen deler seg. Ta til høgre der det er skilta til Hornseten. Litt bratt i starten, ca 50 m. Så beine vegen til Hornseten. Flott utsikt mot Fosnavåg, øyane rundt og innover mot Sunnmørsfjella. Der er fleire rastebord og varde på toppen / Hornseten.Nedturen kan gå austover langs ryggen, før ein tek ned fjellsida. Følg stien. Ved første flate, ta mot vest, mot Heid og over området ovanfor skyttargravene. Ein kjem så inn att på turvegen ein gjekk opp. Ta då ned over til venstre og følg turvegen til Tussabygget. Turen er ca 2,6 km. Stigning frå 50 til 200 m. Lett terreng. Litt vått enkelte plassar. Her er også mulegheit og gå vestover mot Tverrfjellet. Sjå eigen tur sept. -14. Sjå beskriving

Rutebeskrivelse

Sjå beskriving

Adkomst og parkering

Du passerer Buholmlinja på fylkesveg 654 mot vest, Berge Bedehus, ta av opp til høgre mot Bergslia byggefelt. Når du tek av frå fylkesveg 654, køyr Borgarhaugvegen ca 100 m, ta av til høgre og køyr Bergslivegen 300 m, ta til høgre og køyr Bergslibakken, svakt mot venstre / beine vegen til du er ved Tussabygget og parkering. Ved Tussa-bygget
Fottur
Grønn
Lengde
2,6 km rundtur
Stigning
150 m
Tidsbruk
1 t. 5 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Gå av buss på Hjelmeseth. Følg Borgarhaugvegen bak busslomme ca 100m. Ta til høgre og fyl Bergslivegen 300m. Ta opp Bergslibakken til høgre og fyl denne svakt mot venstre / beine vegen til Tussabygget der Turvegen startar

Kart

Sunnmmørskart
Kjørebeskrivelse
Print ut