English

Turrnausa

Fjord

Kort om turen

Flott tur med god utsikt etter at ein kjem over skoggrensa. Dette er ikkje det høgaste fjellet som omkransar Stordal, men det gir likevel ei veldig god utsikt til Stordal og fjorden.

Ruteskildring

Start frå Stordal skule. Kryss vegen over fotgjengarfeltet og gå mot venstre. Ved postkassestativet tar du til høgre og følg vegen mot Vinjehjellane bustadfelt ca 1 km, til du kjem til skiltet merka Grigås natursti. Her går du inn i gjerdet, held mot høgre og rett opp ei bratt stigning til dei øvste husa i bustadfeltet. God rås vidare mot høgre og inn i skogen. Her kan det gå dyr på beite så husk å lukk grindene. Ein passerer tuftene av ein gammal sommarfjøs. Det er framleis litt stigning, men så flatar råsa litt ut igjen. Her finn ein kassa til Grigås natursti. Vidare går ein over nokre bekkar og kjem etter kvart opp på ein skogsveg. Her går ein rett over denne og finn rås på andre sida. Her går råsa bratt opp til ein kjem til eit skilje ved ei gammal steinbru. Her tek ein vegen over brua og går råsa oppover. Råsa går over eit myrområde, før ein tek til på stigninga mot Turrnausa. Her kan det kjennast litt bratt og luftig, men samtidig er utsikta god. Turkasse er plassert på ein liten varde rett før toppunktet.

Tilkomst og parkering

Parkering ved Stordal skule
Fottur
Blå
Lengde
2,9 km en vei
Stigning
635 m
Tidsbruk
3 t. 5 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,9

Offentleg transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå frammr.no

Kart

Turkart Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut