English

Apalviksætra

Ålesund

Kort om turen

Turen går på ein godt stelt sætreveg med flott furu- og lauvskog på begge sider. På turen vil det vere råd å ta seg ein stopp ved ei gammal utløe som ligg kloss i vegen. Vel framme på Apalviksætra vil ein kunne nyte god utsikt mot vest, og oppleve eit innbydande stølsmiljø med små sætrebuer. Sætredrifta blei utfasa på 1950-talet.

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringsplassen i starten av sætrevegen. Det blir tur-retur på same vegen, og ingen kryss der det skulle vere fare for å gå feil. Mesteparten av turen flatlendt og eigna for rullestolbrukarar, men siste bakkane mot sætra kan vere krevjande.

Tilkomst og parkering

Ta av mot Solnørdalen ved tunnelen i Skodjevågen. Etter ca 1 km vil de passere Nordic Supply, og 200-300 m forbi Nordic vil de ta av til venstre og finne parkeringsplassen i starten av sætrevegen Ved starten av sætrevegen; B: 62.4994, L: 6.7384

Fottur
Grønn
Lengde
2,73 km en vei
Stigning
143 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
215 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2,73

Offentleg transport

Det er busstopp ved avkøyrsel til Solnørdalen. Då er det 1 km å gå til turstart. Sjekk frammr.no for rutetider.
Køyreskildring
Print ut