Det er få plassar ein kan kome så lett og raskt opp til god utsikt som på Tunheimshornet på Tunheim på Fiskå. Dei fleste vil bruke ca ein halv time opp til toppen. Frå starten på 30 m.o.h. og opp til toppen på 260 m.o.h. er det god rås (sti) og lett å gå, og på toppen er det benkar og bord der ein kan nyte utsikten i fleire himmelretningar i ro og mak.
Frå bensinstasjonen går du ca 70 meter langs riksvegen i retning Åheim før du går inn på gardsvegen på oppsida. Derifrå er det skilta vidare mot Tunheimshornet. Ca 300 meter etter bensinstasjonen kjem du til starten av geila på ca 40 moh. Det er god sti men relativt bratt opp geila der du etter å ha gått 250 meter er komen opp i ei høgde av knappe 110 moh. i Tunheimskaret. Her tek ein skarpt til venstre og følgjer ryggen oppover til toppen 260 moh. Første i furuskog der det er god ly mot vind, så i meir ope terreng med litt lauvskog. Det er nokre få parti der ein skal vere OBS på kvar ein går, fordi det er bratte fjellveggar ned frå Tunheimshornet. Vel framme på toppen kan du kose deg med veldig flott utsikt.
Tunheimshornet er svært godt synleg frå store område rundt fjellet, og å finne fram dit er svært lett. Greiaste parkering finn ein ved bensinstasjonen på Tunheim.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 2,4 |
NB! Ver merksam på at det er nokre få passasjar på denne turen med bratte berg. Gå ikkje for langt ut mot kanten av stupet ned frå toppen, for der er det svært bratt. Ver også OBS på at det ofte går dyr på beite i området, så pass på å late igjen grinda etter deg.