English

Tua på Hustadneset

Ørsta

Kort om turen

Tua på Hustadneset er ei av to tuer ved Sæbø. Den andre er Tua på Sæbøneset, som nok er oftare besøkt. Begge tuene har flott utsikt inn og ut Hjørundfjorden og til dei flotte fjella som finst her. Turen til Tua på Hustadneset startar på Hustadneset. Det er ein variert og fin tur, og ein får god betaling i form av flott utsikt undervegs og på toppen.

Ruteskildring

Start der vegen deler seg ved Hustadneset. Her er skilta mot "Tua" og det er bra med plass til å sett frå seg bil her. Følg vegen gjennom eit gardstun og vidare på skogsveg nokre svingar, før du går inn på sti når du har gått litt over 600 m (omlag 80 m.o.h. - N62° 12.256' E6° 29.695'). Her er skilta til Tua/Lissehaugen. Gå over ei mark og gjennom ein liten granskog. Stien er tydeleg merka med T-ar i granskogen. Vidare gjennom lauvskog er stien kun delvis merka, men han er tydeleg så det er ingen problem å finne fram. Etterkvart ser du nye merke (raude og kvite) som går opp gjennom skogen (N62° 12.146' E6° 29.799'). Her er stien utydeleg, men det er rikeleg med merke, så følg desse. På den opprinnlege stien har det ramla ned mange tre og stien er difor lagt noko om. Der dei nye merka sluttar, er du igjen inne på god sti og du skal følge denne vidare. Når du kjem til ei mast er du ferdig med den brattaste delen av turen og du følger stien heilt til topps. Ta deg tid til å nyte utsikta undervegs. På toppen er det ein liten varde. Når du går ned att må du vere litt obs på der stien er merka/lagt om gjennom skogen (N62° 12.074' E6° 29.746')

Tilkomst og parkering

Frå Ørsta: Følg skilt mot Sæbø (RV655) Frå Volda: Følg E39 til ei rundkøyring der du tek av til Vikebygda og følg Vikebygdvegen og FV45 til du kjem inn på RV655 i Åmdalen. Følg skilting til Sæbø. Like før du kjem til Sæbø sentrum er det skilta til Hustadneset. Ta av her og følg vegen heilt yil han deler seg. Her kan du parkere bil om du har det. Bra med parkeringsplass der turen startar
Fottur
Blå
Lengde
4,30 km tur/retur
Stigning
469 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Høyeste punkt
485 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,4

Offentleg transport

Buss til Sæbø, men dei går sjeldan. http://www.frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane 1:50 000
Køyreskildring
Print ut