English

Trodalen

Surnadal

Kort om turen

Trodalen er det perfekte turmålet for søndagsturen med familien. Turen bør greitt kunne gjennomførast også av personar med dårleg turgrunnlag. Her får ein med seg alt frå fjøresteinar til tett granskog, og vel framme i Trodalen kan ein nyte matpakken på hustrappa med ein praktfull utsikt utover Trongfjorden.

Ruteskildring

Turen startar ved Flessen hyttesenter. Gå forbi hyttene ved parkeringsplassen og fortsett vidare utover langs stranda. Du kjem da etter kvart inn på ein godt merka sti. Følg den blå merkinga etter stien. Du kryssar ein skogsveg etter ei stund. Den blå merkinga går vidare på andre sida av vegen. Når du treffer på skogsveg for andre gong, tek du av til venstre og følgjer skogsvegen til du kjem til eit punkt der vegen deler seg. Der må du ikkje gå nedover, men følgje skilta rett fram mot Trodalen. NB! Ver obs på to punkt på turen. Både på tur utover og tilbaketuren er det eitt punkt det er lett å gå feil. På begge plassane kan ein feilaktig gå rett fram der stien svingar oppover. Det er tett mellom dei blå merkingane, så viss du oppdagar du har gått feil, er det berre få meter tilbake til den merka stien. Dermed er du fort på rett veg igjen.

Tilkomst og parkering

Turen startar ved Flessen hyttesenter. Ta av i krysset på Bele og følj skilting i retning Flessa/Flessen hyttesenter. Gratis, skilta parkeringsplassar ved hyttesenteret.
Fottur
Blå
Stigning
133 m
Tidsbruk
1 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
157 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,6

Offentleg transport

Nei

Anna

Unngå parkering på snuplassen ved startpunktet på Flesa.

Kart

Fjordruta

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut