English

Trimløypa i Tafjord

Fjord

Kort om turen

TRIMLØYPA Turomtale – oppleving Dette er ein lett tur med få bratte stigningar gjennom gammalt beiteområde og kulturlandskap. Området er variert og ganske kupert med innslag av særleg furu og bjørk og mange til dels store og mosegrodde steinar. Det er god rås heile vegen, og det er oftast greitt å gå i vanlege joggesko. Første delen av løypa går gjennom eit beiteområde. Der er to led på vegen. Sauane er der ei periode våren og hausten, midt sommaren held dei til på fjellet. Ved det andre ledet kjem ein til gamle fylkesvegen. Der kryssar ein vegen og held fram i retning sørover. Ved eit punkt kan ein ta av å følgje rås oppover til Hauenden. Råsa er tydeleg og går ganske bratt oppover og kjem ned att ved Onilsavatnet. Like etter kan ein sjå ein spesiell figur ved sida av råsa. Bruker ein fantasien, kan ein sjå at den liknar på ein skapning med eit digert gap. Ved Hauendskjetet er der ei bok i ei plastikkboks som er plassert under ein stein. Der kan ein skrive namnet sitt. Så går råsa vidare til Sessane. Derifrå kjem ein opp på ei høgd før ei bratt skråning ned til bilvegen. Der kryssar ein vegen og held fram på kanten ovanfor den tørrlagte Tafjordelva til ein kjem ned til byggefeltet der trimløypa sluttar. Ein kjem ned til bilveg ved krysset der ein tok av til skulen. Då følgjer ein bilvegen til parkeringsplassen.

Ruteskildring

Trimløypa går i variert og kupert terreng ovanfor bustadområda i bygda. Ho krysser vegen to gonger. Frå slutten av løypa må ein følgje bilveg tilbake til startpunktet.

Tilkomst og parkering

Ein kjem dit ved å følgje vegen oppover til Kaldhhussæter og Reindalen forbi busetnaden. Ved skilt Tafjord skule tek ein til høgre og køyrer nedover til første kryss. Der er parkering (gratis) ved Tafjord skule og barnehage som vart nedlagt i 2007. . Ved Tafjord skule og barnehage
Fottur
Grønn
Lengde
2,5 km tur/retur
Stigning
0 m
Tidsbruk
40 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,4
Sti 2,3

Kart

Opplysning frå Norddal kommune

Lenke til turskildring

Trimløype
Køyreskildring
Print ut