English

Tråbrauta

Molde

Kort om turen

Eresfjord. Fin trimtur opp frå Sira/Husby. Du må først gjennom eit ferskt hogstfelt. Her er det litt uryddig med kvist og kvast. Dderetter bra og tørr sti, først i åpen idyllisk granskog, deretter i lauvskog. Trimbok-kassa står på ei tolle 192 moh. Fortsett gjerne stien vidare. Den ender oppe ved riksvegen 278 moh, rett under Lomstjønna skisenter.For å få ein fin rundtur kan du gå ned igjen Langåsen. Sjå kartet. Trimturkassa står eigentleg midtvegs på denne stien. Tilrår derfor at du fortsett på samme sti. Da kjem du til riksvegen rett under skisentret (Lomstjønna skisenter ) For å få ein fin rundtur følgjer du riksvegen nedover ca 150 meter til ei brei avkøyrsle. Her står det skilt Maristumyra og Skulmeisterfallet. Ta ned i skogen her og inn på stien som er kalla Langåsen. Øvre halvdel av denne stien går delvis i myrterreng og kan derfor vere blaut. Til slutt hamnar du nede ved riksvegen igjen. Følg denne nedover noen hundre meter og tilbake til utgangspunktet.

Ruteskildring

Bortsett frå starten i hogsfletet, er det enkelt å finne fram. Godt synleg sti elles.

Tilkomst og parkering

Ta av riksvegen i Eresfjord mot Vistdal. Etter eit kort stykkje kjem du til vegens første skarpe sving over brua ved Ugla. Rett før dette er det ei lita avkøyrsle på høgre side av vegen. Her kan du parkere (noen få bilar) Følg først traktorvegen og deretter til venstre og vidare opp stien.
Fottur
Blå
Stigning
292 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
328 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Sti 2,7

Kart

M711, 1320 II Eresfjord
Køyreskildring
Print ut