English

Tovarden

Gjemnes

Kort om turen

Turen opp til Tovarden startar på gamal setergrunn. Du kjem raskt opp i ope terreng, kor du blir møtt av ei fantastisk utsikt både tilbake mot Åndalstussar og sørover mot Romsdalspanoramaet.  Målet for turen er lagt til den eine av dei to vardane som har gitt namnet sitt til plassen. Retur er tenkt same veg, men det er også muleg å legge turen vidare bort om Mannen, eller å gå ned via Trollvatnet og Oltervatnet til Istad.

Ruteskildring

Turen startar ved parkering på Indergardssetra. Herifrå må du gå litt tilbake før du tek til venstre inn på ein seterveg som du følgjer sørover. Etter om lag 1,3 km tek du av frå vegen og inn på ein sti opp til venstre. Denne følgjer du opp heile ryggen og inn på fjellet kor det står to vardar, ein for kvar av kommunane som møtest her oppe, Gjemnes og Molde. Her vil du finne turmålet med dertil turpostkasse. 

Tilkomst og parkering

Ta av frå E39 ved Silset, om lag 2 km fra Batnfjord sentrum i retning Molde. Køyr opp mot Silsetfjellet og følg bomvegen opp til enden av vegen ved Indergardssetra (nesten 4,5 km). Her kan du parkere bilen. Det er lettast å kome hit med bil, men med lett gir er det også fullt muleg å sykle opp bomvegen. Det er busstopp nede ved E39. Ved Indergardssetra.

Fottur
Blå
Lengde
4,84 km en vei
Stigning
312 m
Tidsbruk
3 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
662 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,4

Offentleg transport

Fram (http://www.frammr.no) køyrer ekspressbuss på E39 mellom Molde og Kristiansund. Denne stoppar på Silset, med avgangar om lag ein gong i timen på kvardagar. Frå busstoppet er det i overkant av 4 km opp til Indergardssetra. Se http://www.frammr.no

Kart

Norges-serien, Kristiansund.

Betalingsmiddel for bomvei

Kontanter og vipps
Køyreskildring
Print ut