English

Torvika-Lyngfjellhola-Løvollsnipa-Løvold, rute 65

Vanylven

Kort om turen

Løvollsnipa er eit flott utsiktspunkt som ein kan nå både ved å gå opp fra Løvold (100 m forbi Åheim stadion) eller ved å gå fra byggefeltet (Torvik-feltet) på Åheim via Lyngfjellhola. Her beskriv ein turen opp frå byggefeltet på Åheim, via Lyngfjellhola til Løvollsnipa og ned att til Løvold/Åheim stadion.

Ruteskildring

Turen starter øverst i byggefeltet på Åheim. Ein går opp anleggsvegen mot den store vanntanken som forsyner byggefeltet med vatn. Alernativt kan ein køyre 200 m opp denne vegen og parkere der. Etter rundt 600 m på grus begynner stien. Her er det eit stikryss som er skilta. Ein går stien mot høgre merka med Løvollsnipa. Heile ruta er merka så det skal være rimelig greit å finne fram. Ein går først i nordlig retning før ein svingar sørover og går opp mot platået Lyngfjellhola. Stien går langs kanten med fin utsikt utover. Her kjem ein til trimposten til Åheim IL om lag 1,5 km fra start. Stien fortset i sørøstlig retning og svinger i nordlig retning opp på et lite platå etter ca. 2 km. Deretter går den rett opp mot Lyngfjellet. Ein kjem opp på Lyngfjellet mellom to store varder som er godt synlig nede frå bygda. Her er det eit stikryss som er skilta. Ein tek til høgre her, ca. 2,3 km frå start, og går over ei lita elv/bekk som kjem frå Lomvatnet. Ruta går sørover, litt inne på kanten med god utsikt i lettgått terreng. Etter 2,6 km går ein over ei lita elv og dreier litt østover og går mot Lisjesvartevatnet, ca. 2,9 km frå start. Her går ein over elva og starter på siste stigninga mot toppen. Etter 3,6 km er ein på Løvollsnipa. Her også har Åheim IL trimpost. Frå Løvollsnipa går det 2 ruter i tillegg til den frå Lyngfjellhola. Østover går det rute rundt Nipevatna og langs Svartevatnet på østsida. Her kan ein gå nordover mot Storehornet eller østover mot Syltehornet/Skjevatnet. Når ein skal ned til Løvold/Åheim stadion går ein ruta i sørlig retning. Rundt 700 m frå toppen går ein over ein bekk og etter nye 200 m passerer ein Røyrneselva/Røraneselva. Her kan ein snu seg østover og sjå ein stein som ser ut som den balanserer på ein større stein. Ein fortset nedover mot vegen som går mellom Åheim og Gusdalen. Frå Løvollsnipa og ned er det ca. 2 km. Heile turen er rundt 5,6 km.På enkelte parti er det ein del stein som kan bli sleipe, særlig når det er vått.

Tilkomst og parkering

Frå krysset på Åheim køyrer ein 1,1 km nordover på Fv 61 før ein tar mot høgre opp mot byggefeltet. Etter 400-500 m kan ein enten svinge til venstre 100 m til og parkere der eller eller fortsette rett fram 200-300 m til før ein tar til venstre opp anleggsvegen og parkerer 200 m lenger oppe. Gratis parkering. God og gratis parkering også ved Åheim stadion om ein vil gå ruta derfra eller sette igjen bil til ein kjem ned.
Fottur
Blå
Lengde
5,6 km en vei
Stigning
539 m
Tidsbruk
4 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
580 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 9,6

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut