English

Torsethornet

Sande

Kort om turen

Torsethornet ligg austafor Veten med god utsikt over Rovdefjorden og mot Vanylvsfjella. Larsnes IL har trimpost på Torsethornet. NB på kartet står Torsethornet merka som Egga.

Ruteskildring

Start ved den nedlagde skuleplassen på Slettestøl eller ved Årvik ferjekai. Frå Slettestøl: Råsa startar i vestlegaste hjørnet av skuleplassen, der går ein traktorveg, den skal du ikkje gå for råsa går rett opp gjennom skogen i svingen på traktorvegen. Råsa går i sikksakk bratt oppover i tett skog, går så eit stykke mot vest til den møter råsa frå Årvik. Frå Årvik ferjekai: Gå fv 61 ca 100 m og gå opp ein privatveg ca 150 m, etter ei løde går du opp ein traktorveg ca 40 m, då byrjar råsa og går til venstre oppom ein steingard og fyljer den nordvestover ca 250 m, går så mot nordaust opp gjennom tett skog til den møter råsa frå Slettestøl, råsa fortsetter nordaustover til du kjem oppom skogen, då går råsa mot nord over ei myr, når du har passert ei lang bru tek du til høgre skilta mot Torsethornet, råsa går så austover over nokre myrar og opp til toppen av Torsethornet. God rås, men kan vere vått over myrane. På Torsethornet går der også rås nordover til Keipen og vestover til Veten, derifrå går det rås som går ned til Slettestøl/Årvik.

Tilkomst og parkering

Frå sør (Vanylven) Køyr til Koparnes ferjekai, parker her og ta ferja til Årvik. Frå vest (Sande) Køyr fv 61 til Årvik og ta av frå fv 61 ved Årvik ferjekai, køyr kommunevegen 700 m og ta til venstre i kryss før Liset feriesenter, køyr 150m og parker på den nedlagde skuleplassen. Parkering frå sør: parkeringsplass ved Koparnes ferjekai. Parkering på Sandesida: God parkering på den nedlagd skuleplassen på Slettestøl, der er også ei begrensa moglegheit å parkere ved Årvik ferjekai.

Fottur
Blå
Lengde
4,70 km tur/retur
Stigning
417 m
Tidsbruk
2 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
433 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,5

Offentleg transport

frammr.no til Årvik eller Koparnes ferjekai.

Kart

Turkart Sande kommune, M711 1119 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut