English

Tjønnebu

Fjord

Kort om turen

Fin fottur i hovudsakleg slakt terreng og på god sti gjennom Steindalen til den fine ÅST-hytta Tjønnebu. Turen går inn i Reinheimen Nasjonalpark. Dette er også ein del av pilegrimsleia Valldal - Dovrefjell. Vilt og vakkert terreng.

Ruteskildring

Følg skilt til Tjønnebu/Vakkerstølen frå parkeringsplassen. Gå opp gjennom skogen på god T-merka og pilegrimsmerka sti på høgre sida av elva oppover til Steindalsstølen. Frå stølen er det god sti innover Steindalen og stien rundar fjellet Litlehornet 1436 moh. Det siste stykket opp til Tjørnane er det litt meir stigning.

Tjønnebu ligg 995 moh. og er Ålesund-Sunnmøre Turistforening si ubetente hytte ved Tjørnane. Ho ligg fint til mellom fire fjellvatn. Det er fisk i alle vatna. Fiskekort kan kjøpast på hytta (sjølvbetening). Tjønnebu er omgitt av fleire høge fjell som til dømes Krynkelen 1499 moh og Storfjellet 1759 moh. Ved å følgje den T-merka stien vidare i om lag 13 km kjem du til Vakkerstøylen (sjølvbetent DNT-hytte).

Det er om lag 7,5 km frå parkeringsplassen til Tjønnebu, og om lag midtvegs kjem du inn i Reinheimen Nasjonalpark. Pilegrimsleia Valldal - Dovrefjell vart opna i 2015, og følgjer i fotefara til Olav den Heilage som drog gjennom Valldalen og vidare til Lesja i 1028/29. Pilegrimsleia følgjer DNT-stien frå Grønningsæter til Tunga /Brøstet i Rauma kommune.

Om lag ein kilometer framanfor Steindalsstølen er det skilta til Bjørstadstølen. Her er det gamle murar, truleg etter ei seter, men ingen kjenner til dette i dag. Ein teori er at det kan ha vore veidefolk som har hatt tilhald der. (Frå boka «Til seters – setrar i Norddal», Valldal Bygdekvinnelag, 2012).

NB! Tjønnebu ligg 1000 moh. og det kan difor ligge snø her lenge utover våren.

Tilkomst og parkering

Ta av frå fv 63 ved Grønningsæter i øvre Valldal, og følg vegen til endes. Etter det siste gardstunet startar bomvegen (kr 50). Grusveg til parkeringsplass, ca 1 km.
Fottur
Blå
Lengde
7,5 km en vei
Stigning
586 m
Tidsbruk
5 t. 10 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
995 moh
Merking
Både skiltet og merket
ß
Mobildekning
Nei

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 15

Offentleg transport

http://www.fram.no Sommarrute Valldal - Åndalsnes 1-2 gongar pr dag.

Anna

På veg til Tjønnebu passerer du Steindalsstølen, seter for gardane på Grønningsæter. Stølen ligg 550 moh., ved inngangen til Steindalen. Setra og setermarka ligg i Reinheimen landskapsvernområde. Området vert brukt til sauebeite. Under krigen fekk folket på Grønningsæter tilskot frå staten til å byggje setervegen. Vegen var bratt og svingete og det var eit storarbeid med handboring og sprenging og bygging av bru.

Kart

Turkart Norddal kommune, turkart Tafjordfjella, Romsdalsfjella turkart

Lenke til turskildring

Betalingsmiddel for bomvei

kontant, vipps
Køyreskildring
Print ut