English

Thereseråsa

Ørsta

Kort om turen

Thereseråsa er ei av fleire populære råser i Bondalen/ved Sæbø. Turen går på god rås gjennom gran- og lauvskog, og ved enden av råsa er det flott utsikt og fin uteplass. Undervegs finn du fine steinar, troll og andre overraskingar. Ein populær tur for store og små.

Ruteskildring

Start ved ei grind der det står "Thereseråsa". Stien er tydeleg heile vegen og er merka med raude hjarte. I omlag 360 meter høgde (N62° 12.516' E6° 25.429') kjem du ut av granskogen. Vidare er det lauvskog og når du kjem til enden er det fin utsikt og ein fin uteplass. Her er det sitteplassar og bålpanne. Ved (N62° 12.510' E6° 25.580') i 300 meter høgde kan du gå over til Nøvedalen. Her er svakt merka på nokre steinar.

Tilkomst og parkering

Frå Ørsta følger du FV655 mot Sæbø. Omlag 2 km før du kjem til Sæbø, tek du av opp Holebrauta. Følg Holebrauta forbi Holen sandtak (sandtaket er på høgre side), og parker i sving på kommunal vei. Grusvegen som går rett opp er privat. Frå bilen kan du gå denne vegen til enden der Thereseråsa starta ved ei grind. God plass til parkering der turen starta.
Fottur
Blå
Lengde
1,28 km en vei
Stigning
327 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
406 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,7

Offentleg transport

Buss til Sæbø. Det er godt moleg å gå turen frå hovudvegen. frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring

API endepunkt

Turdata GeoJSON