English

Taustua

Sula

Kort om turen

Turen til Taustua er ein enkel tur og fin å gå heile året då det vinterstid ofte er oppkøyrd løype. Taustua har åpen kiosk alle "raude" dagar og området rundt hytta er solrikt og høver godt for ein rast både sommar og vinter. Bak hytta er ein utedo som er ope heile året.

Ruteskildring

Turen startar frå parkeringsplassen i nordenden av Mausavatnet. Første del er ein gardsveg som går over i ein grusa tursti opp til ei bu. Ved bua har ein to val, anten gå vidare rett fram eller ta av 90 grader til høgre og følgje lysløypa vidare. Dersom ein går rett fram, må ein ta av til høgre omlag 150 meter lenger framme (ved ei bru) og så møtest dei to stiane lenger oppe. Då er det berre å halde seg etter skiltinga vidare oppover.

Tilkomst og parkering

Det er opparbeidd stor parkeringsplass ved nordenden av Mausavatnet. På store utfartsdagar vert det fort fullt, køyr då vidare til andre enden av vatnet og parker ved fotballbana på Allheim. Inga parkeringsavgift
Fottur
Blå
Lengde
3 km en vei
Stigning
311 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
354 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3

Offentleg transport

Sularuta passerer rett forbi parkeringsplassen. Haldeplass 50 meter frå gardsvegen. http://www.sularutelag.no (sjå linkar med Sulesund)

Kart

10076 Ålesund Turkart Norge-serien
Køyreskildring
Print ut