English

Syltnebba- frå Rognpilvegen

Surnadal

Kort om turen

Toppen av Syltnebba er eit sentralt og vakkert turmål 667 meter over Surnadalsfjorden, og det finst mange ulike ruter å velje opp mot målet! Vi vil anbefale traseen som er skildra her fordi startpunktet ligg så sentralt at mange som bur i sentrum slepp å sette seg i bil for å koma dit.

Ruteskildring

Du startar øvst i Rognpilvegen ved den kommunale parkeringsplassen på øversida av vegen der Beitvegen startar. Gå oppover Beitvegen (skogsveg) til den deler seg. Ta til høgre og fortsett oppover etter grusvegen. Etter ca. 0,7 km kjem du til ein bom. Denne må du passere før du fortsett oppover etter grusvegen. Etter ca. 2,7 km, kjem du til «Skihytta». Der deler vegen seg igjen. Ta til høgre og fortsett til enden av vegen og du har toppen av alpinbakken rett forut. Da tek du av innpå ein sti på øversida av vegen. Fortsett etter denne til toppen av Syltnebba.

Første del av turen går etter grusveg, medan siste del går etter sti. Stien er ikkje merka, men er såpass markert at det er lett å følgje han. Du er nemleg ikkje åleine om å ville gå på Syltnebba…. Dette er ein tur som passar like godt til søndagstur med familien som ein rask trimtur ein ettermiddag! Når det er klårver, kan ein frå toppen av Syltnebba få fullt overblikk over Surnadal frå fjorden og langt oppover dalføret. Nærliggande fjell er Skjenna, Litlstrengen og Strengen. Dit kan ein også forlenge turen, om ein ønskjer det. Prøv også ein tur til Syltnebba frå Surnadalsøra. Turbeskriving finn du ein annan stad her på morotur.no.

Tilkomst og parkering

Viss du ikkje er lokalkjent, kan du ta utgangspunkt i Amfisenteret i sentrum av Surnadal. Køyr oppover Modalane i krysset som ligg rett ovanfor senteret og følj vegen fram til bygdas einaste rundkøyring. Her fortsett du rett fram etter Grytvegen, men svingar til venstre i første kryss etter rundkøyringa. Her kjem du inn på Rognpilvegen. Startpunktet for turen ligg på øversida av vegen der Beitvegen startar, før Rognpilvegen begynner å svinge seg ned mot Grytvegen igjen. Her parkerer du gratis.
Fottur
Blå
Lengde
4,1 km en vei
Stigning
538 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
651 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,7

Offentleg transport

Dei som bur sentralt i Surnadal kan gå heimanfra, men det er ikkje kollektivtilbod fram til startpunktet.

Kart

Friluftskart for Surnadal
Køyreskildring
Print ut