English

Syltedalen - Syltehornet - Ekremsdalen

Vanylven

Kort om turen

Denne turen høver godt som familietur. Ein har ei fyrsteetappe som går på grusveg, så gjennom myrlendt terreng opp frå Ausa og gjennom Budalen. For borna er det kjekt å følgje den spennande Budalselva og utforske hellarane i Budalen. På vegen opp, har ein kika innom den nyleg restaurerte fjellgarden Ausa, som igjen har blitt teken i bruk etter å ha vore fråflytt i nesten 40 år. Garden er omkransa av eit fint kulturlandskap. Ein kan sjå murar etter utmarksløder og kalvehus når ein går vidare. I Budalen er det kjekt å ta seg ei rast utanfor Budalsselet, eit flott vedlikehaldt sel som har sitjeplass bygd av stein utanfor. Når ein har kome seg opp frå Budalen, går terrenget over i hardt høgfjellsterreng. Terrenget er kupert og steinete, og det er lett og fint å gå. Ein passerar det idylliske Syltehornsvatnet, før ein rundar osen og går på Syltehornet. Der ventar ei fantastisk utsikt både over Syltefjorden og over Syvdsfjella i aust. Så går turen vidare mot Ekremsdalen i Syltefjorden. Denne etappen før nedstigninga er verkeleg flott. Ein passerar Merkingsvatnet og Steinevatnet (Grunnevatnet) før ein kjem over mot Åheimssida der ein kikar ned i Gusdalen. Ein går eit stykke langs kanten før ruta går mot Kvernaskarvatna. Her har det vore telta av mang ei familie. Vatna er fulle av småfisk som er lette å få, og her er gode teltplassar og tillaga grue på det nordlegaste vatnet. Siste delen av turen går gjennom Ekremsdalen, og ein treff på den gamle ferdselsåra over fjellet mellom Åheim og Sylte. Sela som står i området vitnar om gamal seterdrift, og ein del av råsa i sjølve Ekremsdalen er bygd opp av stein. Akkurat her må ein vise varsemd, for steinane kan vere svært sleipe og glatte når veret er fuktig. Heilt siste del av turen går på skogsveg heilt til hovudvegen på Sylte.Flott utsikt heile vegen. Ekrem i Syltefjorden. GPS-koordinatar: N62.03.132 E05.36.132

Ruteskildring

Middels til lett tur som er overkommeleg for dei aller fleste. GPS-ruta som ligg her går frå Syltedalsvegen opp til Ausa på ny veg, men frå Ausa til Auseskaret er den gamle råsa brukt. Ein skogsveg er bygd i området, så det er mogleg å køyre heilt på Auseskaret for den som vil det. Turen går på merka rås heile vegen, og er godt skilta ved vegkryss.

Tilkomst og parkering

Når ein kjem frå Syltefjorden og har kome eit stykke fram på flata på Syltedalen, skal ein starte turen der det er merka Budalen og Syltehornet (på høgre hand). Ein startar ved den nye vegen til Ausa. Syltedalen, ved den store raude melkebilgarasja i Ausemyrane. Inga avgift. Startpunkt merka med skilt.
Fottur
Blå
Lengde
9,9 km en vei
Stigning
620 m
Tidsbruk
6 t. 30 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 10

Offentleg transport

Ein kjem seg ikkje på Syltedalen med buss, så alternativet er bil eller sykle/gå frå hovudveg. Ved hovudvegen der ein kjem ned frå Ekremsdalen er det busslomme.

Anna

På Syltefjellet ligg det ei gjennomgåande kvartsåre som kjem opp i dagen her og der på ruta. Ein kan finne fine kvartssteinar her. Noko av kvartsen er også skura ned til runde rabbar som er flotte å sjå. Kuriosa: Under orkanen i 1992, vart selet i Budalen løfta av murane og smadra. Lenge etter kunne ein finne gaflar, spelekort og grytelappar rundt om i heile Budalen. Etter dette vart fjøsen der laga om og teken i bruk som sel/hytte.

Kart

Turkart for Vanylven
Køyreskildring
Print ut