English

Svorka og Bjorvollen

Surnadal

Kort om turen

Dei erverdige, gamle stuebygningane i Svorka er høgdepunktet på turen inn til Bjorvollen i Bøverdalen. Dette er staden som er opphav til dei mange humoristiske Svorkahistoriene som enno lever på folkemunne i Surnadal. Vegen innover går i lett terreng med relativt lite stigning, og her kan ein både gå, sykle og trille med barnevogn.

Ruteskildring

Frå parkeringa følgjer du merka sti innover skogsvegen forbi husa i Svorka og vidare inn til Bjorvollen. Under løa på høgre side av vegen kan du raste før du går tilbake.

Tilkomst og parkering

Køyr oppover Bøverdalen til du har passert Holten treindustri på høgre side av vegen og køyrt gjennom eit gardstun. Ta av til høgre etter at du har passert enda eit hus på høgre handa. Parker ved uthuset på andre sida av ekra.
Fottur
Grønn
Stigning
130 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
162 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Anna

Bæverfjord i.l. har trimbok ved Bjorvollen.

Kart

Fjordruta, men kart eigentleg ikkje nødvendig
Køyreskildring
Print ut