Denne rundturen går etter gammelvegane inn til Todalen. Her kan dei store la seg fascinere av den fantastiske utsikten eller det sparsommelege rekkverket som før verna trafikken mot stupa nedanfor vegen. Barna vil kanskje bli like begeistra over lamaane som beitar på ekrene i Svinvika.
Turen startar ved parkeringsplassen på øversida av vegen ved Svinviks arboret. Herifrå følgjer du den skilta vegen inn i skogen og skrår deg opp- og innover lia. Dette er den eldste bygdevegen innover mot Todalen. Det er stigning det første stykket, sidan flatt og nedovebakke. På nedturen kjem vegen du følgjer, inn på ein grusveg som går opp til Hjellnes. Denne vegen følgjer du vidare nedover ned til gammelvegen (asfaltert) til Todalen. Ta til høgre og følg gammelvegen langs sjøen tilbake til Svinvika.
Etter spaserturen kan heile familien nyte ein visitt om i dei mange stemningsfulle stiane i Svinviks arboret - før kanskje turen endar på kafeen i arboretet, som er open i sommarsesongen. Her blir dei besøkjande møtt med dufta av fersk heimebakst i døra - arboretet sine eigne spesialitetar med bruk av råvarer frå eigen produksjon.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 2 |
Sti | 2 |