English

Svartvatnet

Surnadal

Kort om turen

Ein tur til Svartvatnet har jamn stigning, men er kort, og passar derfor like godt til ein treningstur på ettermiddag som ein søndagstur saman med dei minste. Eller kva med ein overnattingstur? Rundt vatnet er det nemleg fleire stadar som er godt eigna for camping, og tek du med fiskestonga, er det også muleg å prøve fiskelykka. 

Ruteskildring

Gå opp etter skogsvegen som startar ved parkeringa. Dersom du følgjer denne vegen oppover, og ikkje går inn på sidevegar, hamnar du ved Svartvatnet.

Tilkomst og parkering

Startpunktet for denne turen ligg eit par hundre meter ovafor det første huset i Bøverfjorden (på Nordmarkssida) der det går opp ein skogsveg. Du kan parkere på merka parkering på ein liten lunningsplass på nedsida av vegen rett ovafor startpunktet eller på den større lunningsplassen ved startpunktet når det ikkje går føre seg arbeid der.
Fottur
Blå
Lengde
1,61 km en vei
Stigning
252 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
288 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,1
Sti 0,1

Offentleg transport

Det går bussar forbi startpunktet, men dette er ein såpass kort tur at det skal godt gjerast å få det til å klaffe med dei relativt få bussavgangane

Anna

Turen går etter relativt ny skogsveg, og er derfor det meste av tida muleg å gjennomføre i joggesko.

Kart

Fjordruta
Køyreskildring
Print ut