English

Svartnakken

Aukra

Kort om turen

Turen er ein fin tur med flott utsikt over Julsundet, Gossen, Oterøya. Langt ute i vest/nordvest ser vi Ona, Bjørnsund, Bud osv. Solnedgangen er kjempefin ! Frå Gammelsetra ser ein og innover mot Tautra og fjord og fjell lengre inne. I månadsskifte juni/juli kan ein langs stien opp til Svartnakken sjå den vakkre Nattfiolen blomstre. Nattfiolen tilhøyrer Marihandfamilien. Samme som startsted.

Rutebeskrivelse

Parker ved gamle skulen i Julsundet (Fanghol). Gå ca. 300 m. på gangvegen i retning Molde, gjennom vegskjeringa til Hola. Følg grusa sti frå informasjonstavla. Etter grinda tek du til høgre og følgjer Fjellvegen vidare oppover. På toppen av den bratte bakken (første vegskille) går du til venstre mot Gammelsetra. Stien til Svartnakken tek av til høgre, nokre meter før ein kjem fram på Gammelsetra. Avstikkaren fram på Gammelsetra er å anbefale, flott utsikt! Nyt det! Turen vidare til Svartnakken følgjer ryggen oppover, nokre stader gjennom gamal furuskog (trollskog) Ta pausar og nyt utsikta.

Adkomst og parkering

I Hola, ved informasjonstavla, starten på Fjellvegen. Ved gamle skulen i Julsundet (Fanghol) Ingen parkeringsavgift.
Fottur
Blå
Lengde
3,0, km tur/retur
Stigning
213 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Sti 0,6

Offentlig transport

Atlantic Auto - Aukra Auto

Kart

Kartserie 711 Kartblad Hustad - 1220 I
Kjørebeskrivelse
Print ut