English

Svartløkfjellet

Ålesund

Kort om turen

Frå toppen har du fin utsikt mot nord til Bygdesætra som ligg i Tomrefjord. Her ligg Svartløkvatnet som er området med skiløyper om vinteren. I aust ser du området på Ørskogfjellet og vidare mot Jutevatnet. I sydleg retning ligg Lebergsfjellet med telemasta på toppen. Fin rundtur: Gå til Svartløkfjellet og ta over til Lebergsfjellet (følg merking) og gå ned att ryggen frå Lebergsfjellet tilbake til Fjellstova.

Rutebeskrivelse

Fjellet har tilkomst frå fleire kantar, her er 2 alternativ: Alt. 1: Frå Fjellstova: Parker ved Fjellstova, følg skilting og gå grusvegen ned mot Løken. Ta til venstre over myra der kraftlina kryssar vegen og følg retninga til kraftlina opp i Bjønnaskaret mellom Lebergsfjellet og Svartløkfjellet. Stien er merka med raude pinnar i myra eller i trea. Råsa er delvis ganske våt over myrpartia. Når du kjem over skoggrensa, ta til høgre opp mot ryggen av fjellet og følg ryggen framover til varden og turkassa. GPS - sporet etter dette alternativet. Alt. 2: Frå Liasetra: På toppen av bakken på Liasætra tek du av til høgre mot hyttene til du kjem til samlingsplassen der. Herifrå er turen skilta og merka med raude pinnar i myra (delvis vått), eller dei heng i trea. Høgste toppen ligg langt mot aust, og det er lett å tru at ein er framkomen når ein ser første varden, men det er berre å halde fram mot topp-punktet.

Adkomst og parkering

Alt 1: Følg E 39 til Fjellstova på Ørskogfjellet der turen startar. Alt 2: Ta av frå E 39 i Sjøholt sentrum og følg Solnørdalsvegen (Fylkesveg 104) til Brauta i Solnørdalen. Du kan køyre til Liasetra på bomveg om sommaren. Avgift. Alt 1: Parkering ved Fjellstova på Ørskogfjellet. Parkeringsavgift. Alt 2: Parkering på Brauta eller evt. på parkeringsplass like forbi Liasetra. Bomavgift.
Fottur
Blå
Lengde
5,2 km tur/retur
Stigning
270 m
Tidsbruk
2 t. 0 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 3,2

Offentlig transport

Timeekspressen til Ørskogfjellet/ Fjellstova

Kart

Ørskogfjellet
Kjørebeskrivelse
Print ut