English

Svartevatnet

Fjord

Kort om turen

Lett tur frå Gjerdsstølen i lett hellande terreng gjennom ope landskap. Fin familietur. På veg fram ser du m.a mot Lauparen i nordaust og Storfjorden i vest. Svartevatnet ligg idyllisk plassert, omkransa av høge fjell på tre kantar, med toppane Midmorgonshornet (962 moh) og Heimste Skorkja (1322 moh). Muligheiter for bading. Ved Svartevatnet kan du m.a. fortsette på høgre side ved vatnet og sjå eit flott oppmura naust som glir fint inn i terrenget.

Ruteskildring

Frå parkering på Gjerdsstølen går du mot elva, tar til venstre og følgjer råsa ca 300 meter fram til bru. Fortsett over brua og følg råsa framover på høgre side av elva. Minimal stigning i første halvdel av turen og lett stigning på slutten. Enkelte parti med myr.

NB! Om du ynskjer å køyre heilt fram til Gjerdsstølen, er det bomveg som startar ved Øggarden. Då mobildekninga ikkje er god kan det vere ei utfordring å få betalt ved hjelp av Vipps. Ta difor med deg kr 30,- i kontantar. Pengane som kjem inn går naturlegvis til vedlikehald av vegen.

Tilkomst og parkering

I vegkryss på Dyrkorn køyrer du oppover bygda. Etter 1,5 km tar du til venstre og fortsett vidare om lag 1,5 km til krysset mot Øggarden. Ta til høgre og etter 150 m kjem du til bomveg (kr 30,-). Fortsett om lag 1,5 km til Gjerdsstølen, som er eit kosleg stølsområde med gammal bebyggelse og ei lita elv som renn gjennom stølen. Alternativ start til turen er å parkere der bomvegen startar ved Ødegård og gå fram til Gjerdsstølen. Grusveg omlag 1,5 km.
Fottur
Blå
Lengde
2 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Høyeste punkt
603 moh

Løype på kart

Offentleg transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå http://www.frammr.no

Kart

Kart Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut