English

Svartevatnet - Roaldshornet

Stranda

Kort om turen

Ein mini-besegg utan bratte eller luftige parti. Ruta fyl grensa mellom Stranda og Sykkylven omtrent heile vegen. Det er start på omlag 550 m.o.h, så ein kjem raskt opp i høgda og får flott utsikt Om du vil kan du gå ned att langs heistraseen på skisenter, eller ta heisa ned att om du heller vil det. Det er i tilfelle 4 km tilbake til startstaden.

Ruteskildring

Start på parkeringsplassen ved Svartevatnet. Kryss vegen i austenden av parkeringsplassen og gå på utsida av autovernet eit kort stykke. Du kjem straks inn på stien. Det er god sti og god merking med vardar, og ruta har også skilting. Like før du kjem opp til Langevatnet kryssar du ei elv (N62° 17.866' E6° 47.091'). Her deler stien seg. Stien som går til venstre går til Myrdalsfjellet. Du skal følge stien rett fram/lett til høgre over elva og opp til vatnet. Frå vatnet følger du skilting til Roaldshorn. Det er godt varda til Kleivdalsfjellet. Herifrå er det også vardar, men ikkje like tett. Det er ingen problem å finne vegen for stien er tydeleg og du ser kvar du skal. Nokre plassar deler stien seg, men stiane går saman igjen så du kan ta det valet du vil. På Roaldshornet er det flott utsikt m.a. inn Storfjorden og ned mot Stranda. Ta deg tid til å nyte den!Når du går ned att, går det ein sti ned til Hevsdalen ikkje så lenge etter at du har starta på returen (N62° 18.705' E6° 50.259'). Denne skal du ikkje følge. Du går nok ikkje feil om du er obs på dette.

Hugs på at estimert tidsbruk kan variere frå person til person. 

Tilkomst og parkering

Start ved parkeringsplassen ved Svartevatnet (RV60) like vest for grensa mellom Stranda og Sykkylven. Kjem du frå Sykkylven ser du ein bra stor parkeringsplassen når du er ferdig med bakkane, like før ein skarp sving. Kjem du frå Stranda køyrer du 4 km forbi Strandafjellet skisenter, og du finn parkeringsplassen like etter ein skarp sving. Ved Svartevatnet (RV60) like vest for grensa mellom Stranda og Sykkylven er det god plass å parkere.

Fottur
Rød
Lengde
10,94 km tur/retur
Stigning
889 m
Tidsbruk
4 t. 55 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1215 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 11

Offentleg transport

Buss mellom Stranda og Sykkylven http://www.frammr.no/

Kart

Turglede Sykkylven

Lenke til turskildring

Sunnmøres små og store fjellturer - Kleivdalsfjellet og Roaldshorn
Køyreskildring
Print ut