English

Sunniva si rute til Dinglavatnet

Volda

Kort om turen

Dinglavatnet (med Turnhytta/Melshornet) er det vanlegaste fjellturmålet for sentrumsinnbyggarane i Volda. Frå gamalt av var det god sti frå Håmyra og opp på fjellet, men etter at kommunen og grunniegarane bygde skogsveg til Dinglavatnet (i samband med utviding av Volda Vassverk) er der no grusa veg til Dinglavatnet/Turnhytta.

Ruteskildring

Sunniva si rute startar ved losjehuset til Frimurerlosjen i Engesetvegen. Går derifrå mot Gamletunvegen og inn på Kleppevegen. Følg denne til Engesetgeila, som tek deg til Håmyra. Derifrå på sti nordover mot skogsvegen til Dinglavatnet. Følg denne via Prestesætra og Røyshytta til målet. Dinglavatnet (med Turnhytta/Melshornet) er det vanlegaste fjellturmålet for sentrumsinnbyggarane i Volda. Frå gamalt av var det god sti frå Håmyra og opp på fjellet, men etter at kommunen og grunniegarane bygde skogsveg til Dinglavatnet (i samband med utviding av Volda Vassverk) er der no grusa veg til Dinglavatnet/Turnhytta (med god sti vidare til Melshornet 807 moh; grensefjellet mellom Volda og Ørsta ).

Tilkomst og parkering

Denne ruta startar ved losjehuset til Frimurerlosjen like ved Volda vidaregåande skule. Du kan også starte turen frå enden av Raudemyrvegen, der skogsvegen eigenteg startar frå. Engesertvegen v/Volda vidaregåande skule
Fottur
Blå
Stigning
456 m
Tidsbruk
3 t. 10 min.
Høyeste punkt
523 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 2
Sti 0,9

Anna

For rullestol og barnevogn må ein starte frå bommen der Raudemyrvegen sluttar og skogsvegen startar

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut