English

Sunndalsnipa

Volda

Kort om turen

Sunndalsnipa er den tredje høgste toppen i Volda kommune og den har ei fantastisk utsikt i alle retningar. Sunndalsnipa har eit 1 km langt flatt platå på toppen, vi kjem opp på sørenden (1366 moh) men høgste toppen (1396 moh) ligg på nordenden. Sunndalsnipa er ein av dei finaste vårskiturane i Volda.

Rutebeskrivelse

Frå parkeringsplassen på fv 42 går du ca 250 m nordover Grøndalsvegen (til demninga på Grøndalsvatnet) og tek til høgre opp mellom nokre hytter og går på austsida av Litlevassdalen til du kjem oppå ryggen og går den mot nordvest opp til topp-platået og går det den siste kilometeren bort til toppen. Brattaste partiet på turen har ei helling på ca 30 grader og ligg på ca kote 1000.

Adkomst og parkering

Frå vest; E39 frå Volda mot Grodås, ca 25 km, Frå aust E39 frå Grodås mot Volda ca 10 km, ta av i vegkryss mellom Eidsnakktunnellen og Kvivstunnellen skilta mot Osdalen, køyr ca 500 m og ta til venstre på fv 42 skilta mot Nordfjordeid og køyr ca 10 km og parker på parkeringsplass ved vegen. Parkeringsplass på austsida av fv 42.
Skitur
Rød
Lengde
10,4 km tur/retur
Stigning
1000 m
Tidsbruk
3 t. 45 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Kart

M711 1219 III, M711 1318 IV, sunnmorskart.no
Kjørebeskrivelse
Print ut