English

Sundet

Ulstein

Kort om turen

Denne turen passar godt for småbarnsfamiliar, og kan også trillast. Turen går på grusveg gjennom skog og flotte omgjevnadar på nordspissen av Eika, og ved turmålet får du flott utsikt inn mot Eiksund og utover Vartdalsfjorden.

Ruteskildring

Turen startar rett aust for innkøyringa til Eiksundtunellen på Eika, der det er stor parkeringsplass. Herifrå går ein på grusveg i søraustleg retning før ein kjem til eit vegkryss etter ca. 200 meter. Her tek ein til venstre for å gå til Sundet på nordspissen av øya.

Tilkomst og parkering

Frå Volda/Ørsta, ta Eiksundsambandet gjennom Eiksundtunellen, og sving til høgre før Eiksundbrua. Frå Ulstein/Hareid/Fosnavåg, køyr mot Volda/Ørsta, og ta til venstre rett før Eiksundtunellen. Parkering rett etter avkjøring. Gratis parkering ved start.

Fottur
Grønn
Lengde
2,38 km tur/retur
Stigning
92 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
39 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,2

Offentleg transport

Køyreskildring
Print ut