English

Sulebakkhornet

Sula

Ruteskildring

Følg kjerrevegen opp mot gardane på Sulebakkane. Like før du kjem til første garden står eit skilt med Turveg, følg denne. På første garden bur Nils Storås, kjent frå «Der ingen skulle tru….». Følg vegen vidare til venstre og neste gard, Sulebakkane. Etter denne garden går ein over på rås og denne kan vere våt og tidvis glatt. Ta difor på gode sko, med god såle. Følg god sti til du kjem til ei raud hytte, akkurat over tregrensa. Den mest brukte råsa vidare til Sulebakkhornet går rett til høgre for og bak hytta. Frå hytta går ein ganske bratt opp fjellsida og på toppen er fleire vardar. Registreringsbok er ved den største varden til venstre når du kjem opp.

Tilkomst og parkering

Utgangspunktet er frå Sulebakkane. Ta av frå Sulavegen på bakketoppen før ferjekaia Sulesund-Hareid, og følg Nøringsetvegen i ca 2 km. Denne vegen er svært smal og det er få møteplasser. Køyr derfor ekstra sakte og ta omsyn. Ein ser skilta og merka turveg Sulebakkene på høgre side. Gjer merksam på at der er få parkeringsplassar og dei er private, så på store utferdsdagar må ein nytte parkeringsplassane ved Sulesund ferjekai eller ved enden av Nøringsetvegen. Turen vert då ca 2 km lenger. Om du tek med sykkel så går turen langs vegen raskare.
Fottur
Blå
Lengde
3 km en vei
Stigning
632 m
Tidsbruk
3 t. 5 min
Høyeste punkt
656 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,8

Kart

Turkart Ålesund. Målestokk 1: 50 000
Køyreskildring
Print ut